Kick-off: Strategi og samspel på agendaen

Oppe frå venstre: Tore Bø, Joar Refsdal, Jan Ove Rinde, Lars Andreas Nilsen og martin Svendsen.
Nede frå venstre: Odd Inge Gjeraker, Andreas Kleiner og Magne Kvalsøren.

I slutten av mars var Sognenett IT samla til kick-off hjå ViteMeir, der fokuset var kommunikasjon, strategi, samhandling, forventningsavklaring, kultur, identitet – og sjølvsagt, leik og moro!

Som eit nystarta selskap med stor iver for å gjere ein forskjell, er det avgjerande å regelmessig ta tempen og sikre at me er på rett kurs. Vårt interne mantra er å jobbe saman som eit team, løfte kvarandre, og dermed levere framifrå resultater til våre kundar. Dette krev ubrotne rekker av tillit til våre kollegaer, god kommunikasjon og kontinuerleg kompetanseheving

Hjå oss står kunden alltid i sentrum for vårt arbeid , og vårt mål er å vere den føretrukne lokale partneren for IT- og kommunikasjonsløysingar.

Kick-offen inneheldt ei produktiv økt med post-it lappar og kreativ, strategisk tenking, etterfølgt av teambuilding-aktivitetar med Vitemeir. Gjennom mange varierte samarbeidskonkurransar fekk me testa vår kommunikasjon og samarbeidsevne, noko som beviste styrken i vårt fellesskap. Dagen vart avslutta med ein tøff nattest, der vinnarlaget kunne ta med seg heider og ære heim

Under finn du bileter frå ein vellukka dag som ikkje berre har styrka oss internt, men som også vil kome kundane våre til gode.

Forrige
Forrige

Nye og miljøvenlege arbeidskameratar på vegen 

Neste
Neste

Nytt kontor på plass i Gaupne