Administrert IT -
Enklare og tryggare IT-drift for di bedrift

Kva er Administrert IT?

Administrert IT frå Sognenett IT er ei komplett løysing for god tryggleik og samhandling, som sikrar ein effektiv arbeidsflyt. Med vår teneste får de dei beste verktøya tilgjengeleg, inkludert Microsoft-produkt, avansert tryggleik, automatisert sikkerheitskopi, og skreddarsydd sikkerheitsopplæring i kvardagen.

I tillegg inkluderer tenesta fri IT-support, slik at de alltid har hjelp tilgjengeleg når de treng det. Me sørger for at systema dine er trygge, oppdaterte, og fungerer saumlaust – slik at du kan fokusere på det som verkeleg betyr noko: å utvikle bedrifta di.

 

Dette får du med administrert IT:

  • Microsoft 365 Business Premium

    Full tilgang til Office-applikasjonar, som til dømes Word, Excel, PowerPoint og Outlook. Pakken inkluderer eit robust og profesjonelt e-postsystem som gjer det enkelt å administrere og organisere kommunikasjonen i di bedrift. Du får 50 GB e-postlagring per brukar, 1 TB skylagring, og tilgang til Microsoft Teams for saumlaus kommunikasjon og samhandling.

 

  • Sikkerheitskopi for Microsoft 365

    Automatisk sikkerheitskopiering av e-post, filer frå felles- og personleg område (OneDrive, Microsoft Teams) og andre viktige arbeidsfiler. Om data skulle gå tapt grunna uheldig sletting, hacking eller andre årsaker, har me moglegheit til å hente dei inn igjen, slik at de alltid kan vere trygge på at informasjonen er sikra.

 

  • Brukarstøtte

    Sognenett IT inkluderer support i arbeidstida med rask responstid, slik at de alltid får hjelp når det trengst. Om behovet oppstår utanom arbeidstid, er vår support tilgjengeleg (mot gebyr).

Me sørger for trygging av datamaskinar med installasjon av antivirus, enkel administrasjon av appar, og sikker tilgang til bedrifta sine ressursar. I tillegg held me kontinuerleg oppsyn med at PC-ar og andre einingar er oppdaterte og fungerer optimalt, gjennom automatiske oppdateringar og sanntids helsesjekk.

  • Sikkerheit og tryggleiksopplæring

    Med Administrert IT-pakken er di bedrift sikra mot truslar som virus og cyberangrep, takka vere avansert beskyttelse og automatisert respons. For å løfte tryggleikskompetansen i di bedrift inkluderer me kontinuerleg og skreddarsydd opplæring som er tilpassa kvar enkelt medarbeidar. Gjennom små kurs og iscenesette svindelforsøk blir dei tilsette meir medvitne om truslar som stadig er ein del av kvardagen.

Opplæringa fokuserer på å gjere dei tilsette observante og ruste dei med betre verktøy for å handtere truslar. Dersom nye metodar for svindelforsøk skulle oppstå, sørger me for at dine tilsette vert oppdatert, og klare til å møte desse. Dette er dynamisk sikkerheitsopplæring som alltid er i takt med utviklinga av truslar i den digitale verda.

 

Fordelar for di bedrift

  • Tryggleik: Me sikrar dine data og system mot truslar og tap.

  • Effektivitet: Alt fungerer som det skal, slik at dine tilsette kan jobbe uforstyrra.

  • Support: Me er tilgjengelege når du treng hjelp, slik at problem vert løyste raskt.

  • Fokus på kjerneverksemd: La oss ta hand om IT-drifta, så kan du fokusere på å utvikle bedrifta di.

 

Kontakt oss for meir informasjon

For meir informasjon eller for å kome i gang med Administrert IT, kontakt vårt salsteam på telefon 4821 88 88 eller e-post sal@sognenett-it.no.