Trygg og effektiv IT-drift: Difor vel Highsoft Administrert IT

CTO i Highsoft, Jørgen Tistel, og dagleg leiar i Sognenett IT, Tore Bø - saman om ei betre og tryggare IT-drift for Highsoft.

– I Highsoft leitar me alltid etter måtar å jobba smartare. Med Administrert IT kan me overlate IT-ansvaret til fagfolk – og bruke tida vår på det me kan best, seier Jørgen Tistel, teknisk sjef for Highsoft.

Softwarebedrifta frå Vik har hatt jamn og sterk vekst sidan starten i 2009, og leverer i dag løysingar for datavisualisering til kundar over heile verda – blant anna Apple, Microsoft og NASA. Med fleire titals tilsette på kontor i Vik, Sogndal og Bergen, er effektiv drift og IT-tryggleik avgjerande for å halde tempoet oppe.

Highsoft er eit aldri så lite software-eventyr i Vik, med ein imponerande kundeportefølje frå heile verda. Foto: Highsoft

For å frigje kapasitet og sikre ei meir stabil og effektiv IT-handsaming, har Highsoft difor inngått avtale om å overlate dette ansvaret til Sognenett IT gjenom Administrert IT.

  • Administrert IT frå Sognenett IT er ei heilskapleg driftsteneste for små og mellomstore verksemder. Løysinga inkluderer:

    • Kontinuerleg overvaking og vedlikehald av IT-utstyr

    • Automatisk sikkerheitskopi og antivirus

    • Microsoft 365 Business Premium, med oppsett og drift

    • Tryggleik og opplæring mot cybertruslar

    Brukarstøtte frå lokale og proffe fagfolk som responderar raskt

– Me har tidlegare hatt ansvaret for maskiner, oppdateringar og antivirus sjølve. Det tek både tid og merksemd frå det me eigentleg skal gjera. No blir maskinene overvaka, systema og antivirus vert haldne oppdaterte og aktive, og me har alltid nokon å kontakte når det trengst, forklarar Tistel.

Aukande behov for digital tryggleik

Med ei høgprofilert merkevare og brukarar over heile verda, er Highsoft eit naturleg mål for digitale truslar.

– Nettsidene våre blir angripne kvar dag. Kundane våre krev dokumentasjon på tryggleik, og det må me kunne levere. Det gir ein ekstra tryggleik å vite at me har proffe «digitale sikkerhetsvaktar» som overvakar over systema våre – kontinuerleg, legg han til.

Med bedriftssenter i Gaupne, Sogndal og Vik er Sognenett IT godt posisjonert fysisk, i lokalsamfunna. Sjølv om mykje kan gjerast digitalt via fjernstyring påpeiker Tistel at det er ein klar fordel å kunne ha Sognenett IT på plass i nærleiken – berre nokre få steinkast unna deira kontor i Vik sentrum.

Med rask og god oppfølging frå Sognenett IT får dei tilsette meir tid til å fokusera på det dei verkeleg er gode på. Foto: Highsoft

–Det er klart det er ein stor fordel at dei er så lokalt tilgjengelege. Til dømes når noko må byttast ut fysisk, eller me treng å få tak i eit produkt raskt, så får me tak i det raskt.

Eit pluss er det også at me kjenner dei som hjelper oss og ikkje minst: Dei kjenner oss, våre behov og veit kva me treng, legg han til.

Ei god investering

Highsoft har samarbeidd med Sognenett IT – og tidlegare Vik IT-partnar – i fleire år, men det var først i mars 2025 at dei gjekk over til full driftsteneste gjennom Administrert IT. Tistel er ikkje i tvil om at løysinga fungerer, og han meiner fleire lokale bedrifter bør vurdere det same.

– For oss har det vore ei god investering. Me får rask hjelp, tett oppfølging og ei løysing som er tilpassa oss. Eg er heilt sikker på at det er fleire i næringslivet i regionen som ville hatt nytte av tilsvarande tilbod, avsluttar han.

Vil du vite meir om Administrert IT frå Sognenett IT?
Kontakt oss på post@sognenett-it.no eller ring 4821 8888 – så finn me ei løysing som passar for di bedrift.

Forrige
Forrige

ViteMeir i trygge hender med Administrert IT

Neste
Neste

Styrkar laget