ViteMeir i trygge hender med Administrert IT

ViteMeir har signert avtale med Sognenett IT om Administrert IT. Leiar for Administrasjon og Utvikling i ViteMeir Marit Haugan Hove tvilar på at dei kjem til å angra.

– For oss er det viktig å ha system som fungerer, og å vite at hjelpa er nær når noko skjer. Det gir ein ekstra tryggleik i kvardagen – og det får me med Administrert IT, seier Marit Haugan Hove, leiar for administrasjon og utvikling i ViteMeir.

Vitensenteret på Kaupanger har sidan starten i 2021 bygd seg opp til å bli ein viktig kunnskapsaktør i regionen. Med stadig fleire besøkande og eit omfattande formidlingstilbod til skular, barnehagar og andre målgrupper, er det avgjerande at IT-systema er trygge og fungerer optimalt – kvar dag.

Nyleg utvida ViteMeir difor samarbeidet med Sognenett IT, og tek no i bruk tenesta Administrert IT.

Digitale verktøy i heile verksemda

Sjølv om store delar av formidlinga i ViteMeir skjer gjennom aktivitetar og praktisk utforsking på senteret, er den digitale infrastrukturen heilt avgjerande for at alt skal fungere saumlaust.

– Me kan ikkje drive eit senter som dette utan solide IT-løysingar i botn, seier Hove.

Mykje av aktivitetstilbodet i ViteMeir er datadriven, anten det gjeld innstallasjonar for utstilling, eller workshops på datamaskinar. Foto: ViteMeir

Frå kontordrift og planlegging til interaktive installasjonar og læringsopplegg – over 60 datamaskiner er i dag i bruk. Mange av dei blir brukte av elevar og besøkande gjennom dagen, noko som stiller særlege krav til både tryggleik, personvern og effektiv administrasjon.

  • Administrert IT frå Sognenett IT er ei heilskapleg driftsteneste for små og mellomstore verksemder. Løysinga inkluderer:

    • Kontinuerleg overvaking og vedlikehald av IT-utstyr

    • Automatisk sikkerheitskopi og antivirus

    • Microsoft 365 Business Premium, med oppsett og drift

    • Tryggleik og opplæring mot cybertruslar

    Brukarstøtte frå lokale og proffe fagfolk som responderar raskt

– Me har mange ulike bruksområde for datamaskinene våre. I tillegg til alle elevmaskinene blir dei fleste installasjonar drivne av ei datamaskin. Med Administrert IT får me betre kontroll på IT-tryggleiken, både for maskinene som står i ro og maskinene som er med ut på hjul. Då kan me bruke mykje meir av tida vår på det me kan best – å skapa gode læringsopplevingar for born og unge, seier ho.

Trygt og stabilt

For Sognenett IT handlar samarbeidet med ViteMeir ikkje berre om å levere tekniske løysingar – men om å bidra til noko større: Å sikra eit velfungerande IT-miljø for ein aktør som til dagleg inspirerer og engasjerer born og unge i regionen.

Sognenett IT er godt posisjonert gjennom heile indre Sogn, og er aldri langt unna bedriftskundane. Salsleiar Svein Ove Bergseth er gler seg til å bidra med rask, effektiv og god service til ViteMeir gjennom Administrert IT.

– Det er imponerande å sjå kor mykje ViteMeir har fått til på kort tid. Me ser på dei som ein viktig samarbeidspartnar, og er glade for å bidra til at dei har ei trygg og stabil IT-plattform å byggje vidare på, seier salssjef Svein Ove Bergseth i Sognenett IT.

Neste
Neste

Trygg og effektiv IT-drift: Difor vel Highsoft Administrert IT