Frå bestilling til full konferanseløysing på knappe to veker

Dagleg leiar Martin Hammer (t.h) gav kort leveransefrist ved det nye svingenbygget på Fosshaugane Campus - og varene stod klar på eit lite blunk. Her saman med salssjef Svein Ove Bergseth (t.v) i Sognenett IT.

Nye Svingenbygget på Fosshaugane Campus er i ferd med å etablera seg som eit viktig knutepunkt for møteverksemd i Sogndal. Delar av bygget skal leigast ut til ulike konferansar og arrangement, og for å få dette på plass trong Fosshaugane AS ei komplett og brukarvennleg konferanseløysing – med kort tid frå bestilling til ferdig oppsett.

– Eg vart verkeleg positivt overraska både over kor raskt Sognenett IT klarte å levera på bestilling, og oppfølginga me har fått, seier dagleg leiar Martin Hammer i Fosshaugane AS.

Kort tidsfrist

Grunna eit kommande arrangement var tidsramma for bestillinga på knappe to veker, utan at det medførte nemneverdige problem.

– Me bestilte utstyret på ein fredag, og då alt stod på plass måndag morgon forstod eg ikkje heilt at det var våre varer som var komne. Det gjekk det mykje raskare enn eg hadde venta, seier Hammer.

Hammer vart naturlegvis gledeleg overraska over den uventa raske leveransen.

Tidsfristen vart overheldt og alt var rigga og klart til første arrangement innan dei to vekene var omme. I 2. etasje av svingenbygget står no konferansesal, open kjøkkensone og eige møterom klart til utleige for bedrift og privat - så snart bookingsystemet er på plass. 

– Det var mykje som måtte riggast og testast, men Sognenett IT var tilgjengelege og hjelpsame heile vegen. Det er ein stor fordel å ha ein lokal leverandør som kan kome raskt når tida er knapp, seier han. 

Ei komplett og intuitiv løysing 

Etter dialog med Fosshaugane AS vart løysinga forma ut med særleg vekt på enkel bruk for mange ulike typar leigetakarar. Systemet er sett opp slik at brukarar kan kople seg til og starte møta sine raskt og utan behov for teknisk kompetanse. 

Leveransen omfatta: 

  • komplett konferansesystem 

  • integrasjon mot Microsoft Teams 

  • støtte for «bring your own device» (BYOD) 

  • nytt lydanlegg og andre møteromløysingar i 2. etasje 

– Målet var å setje opp ei løysing som fungerer for alle som skal bruke romma, uavhengig av utstyr og erfaring. At ein kan kome inn, kople til og vere i gang på få sekund, har vore eit viktig krav – som me no har levert på, seier salssjef Svein Ove Bergseth. 

- Det er naturlegvis kjekt å høyre at kunden er nøgd med leveranse, då dette alltid vil vera vårt hovudfokus, legg han til.  

Treng du eller ditt firma ein samarbeidspartnar på IT- og kommunikasjonsløysingar?

Ta kontakt med oss her


Neste
Neste

Flyttar til hovudkontoret i Vik