Flyttar til hovudkontoret i Vik
Vik-Avdelinga til Sognenett IT kan du i framtida treffa på hovudkontoret til Sognekraft-konsernet. Frå venstre: Konsulentane Joar Refsdal og Jan Ove Rinde, Dagleg leiar Tore Bø og Seniorkonsulent og avdelingsleiar i Vik, Odd Inge Gjeraker.
Denne veka starta flytteprosessen for Vik-avdelinga til Sognenett IT, som no flyttar frå Vikjatunet og inn i hovudkontoret til Sognekraft. Flyttinga markerer starten på eit nytt og spennande kapittel for IT-gjengen i Vik.
IT-konsulent i Vik Joar Refsdal legg ikkje skjul på at han har gleda seg til å flytta inn på hovudkontoret:
– Det er klart at det vert veldig kjekt å komma skikkeleg på plass i dei nye lokala. Hovudkontoret er veldig fint, og her får me både moderne fasilitetar – og blir samstundes ein del av eit større miljø i Sognekraft-konsernet.
Joar Refdal gler seg over å vera på plass på Hovudkontoret til Sognekraft-konsernet i Vik.
- Det er mykje kompetanse her på huset som me kan dra nytte av – og som gjer at me kan læra meir frå kvarandre på tvers av selskap, legg han til.
Kontor i 1. etasje
Flytteprosessen vil ta litt tid, mellom anna med tanke både på flytting av lagermateriale og teknisk utstyr - og med profilering. Dagleg leiar Tore Bø ser fram til å få gjengen skikkeleg på plass.
– Dette har lege litt i korta ei stund. Når me klarte å finna ei god løysing med tanke på utforming, så var det heilt naturleg å flytta inn her, som ein del av Sognekraft-konsernet. Sognekraft er òg ein av dei største enkeltkundane våre, så dette gjev absolutt meining, seier han.
Kontorplassane vil vera i 1. etasje. Framover er planen at Sognenett IT vil disponera resepsjonsområdet til kundemottak, delar av dagen, primært til førehandsavtalte tider for kundar.
Slik avtaler du ei førehandsavtale:
Send oss ein e-post på hjelp@sognenett-it.no, så set me opp eit tidspunkt som høver.
Resepsjonen på hovudkontoret vil verta teken i bruk til kundemottak.
– Konsulentane våre er ofte opptekne med oppdrag, og vil ikkje alltid vera til stades eller tilgjengelege. Med avtalt oppmøtetid på førehand slepp ein enkelt denne problematikken, og konsulentane kan disponera tida på ein god og effektiv måte for kunden, seier Bø.
Og legg til:
- Når det er sagt så gler me oss veldig til å ønskja kundane våre velkommen til det flotte lokalet på hovudkontoret i Vik.